Vaksinenytt

Koronavirusvaksine - Klikk for stort bileteKoronavirusvaksine lmi.no Våre gode naboar på Karmøy tilbyr no alle i distriktet å få vaksine hos dei frå veke 30. Dette er eit tilbod til dei som ikkje har fått registert seg for dose 1.

Av kommuneoverlege Jan Schille

Meir info finn du på heimesida deira. Dei som allereie har fått dose 1 skal få dose 2 samme plass og er ikkje aktuelle for dette tilbodet. 

Vi vil også gjerne undestreke at på Bokn vil alle som har registrert seg få tilbod om 1. dose seinast den 4. august. Dette gjeld også dei som har sendt sms om vaksine, men som enno ikkje har fått tildelt time.

Du som ikkje har registrert deg kan evt. bruke Karmøy sitt tilbod. Du som har fått dose 1 på Bokn skal få 2. dose her også.  

Ikkje registrer deg fleire plassar

Vi ber om at folk ikkje registrerer seg fleire plassar, då dette vil skape unødvendig ekstraarbeid for vaksineteamet som då må bruke tid på å "vaske" listene.