Utlegg av manntal og tidlegrøysting.

Klikk for stort bilete

Manntalet som skal brukast ved gjennomføring av valet 2015  er lagt ut til offentleg ettersyn f.o.m 13. juli 2015 i Servicetorget, 1. etasje Boknatun.

 

Du kan sjekke i manntalet om du er oppført. Dersom  du finn feil kan du krevje retting i manntalet.

Krav om retting av feil i manntalet kan rettast til Valstyret i Bokn.

 

Tidlegrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røyste i den ordinære førehandsrøysteperioden som startar 10. august 2015 eller på sjølve valdagen 14. september 2015, kan du tidlegrøyste frå 1. juli 2015 i Servicetorget, Boknatun.  Hugs legitimasjon.

Førehandsrøysting

Det er høve til å førehandsrøyste frå 10. august 2015 i Servicetorget i Bokn, Boknatun. Førehandsrøyste kan du gjere fram til fredag 11. september 2015.  Opningstider i servicetorget i førehandsrøystingsperioda er frå kl. 08.30 til kl. 15.00.  Du kan og røyste på Bokn folkebibliotek måndagar frå 17.august 2015 frå kl. 16.00 til kl. 19.00 fram t.o.m måndag 7. september.

 

Godkjente vallister

Valstyre i Bokn godkjente i møte 5. mai 2015 følgjande listeframlegg:

            Arbeiderpartiet

            Høyre

            Kristeleg Folkeparti

            Senterpartiet

 

Liste er utlagde til gjennomsyn i Servietorget.

 

Bokn valstyre, 14. juli 2015

Kyrre Lindanger, leiar