Styrking av kommunale næringsfond

Klikk for stort bileteGravemaskin i arbeid Osmund Våga I sak 36/20 i kommunestyret vart det gjort følgande vedtak:

Bokn kommune er tildelt 714 316,- i krisemidlar - kommunalt næringsfond og fordeler dei på følgjande måte: 

  1.  200 000,- fordeles til sanitæranlegg i Føresvik
  2.  200 000,- fordeles til styrking av prosjektet «Opplev Bokn»
  3.  314 316,- overføres til kommunens næringsfond og tildeles på samme kriterier som regionalforvaltning gjer. Desse midlene må då haldast adskilt frå dei ordinære midlane i Bokn kommunes næringsfond. 

Dermed vil vi oppfordre næringslivet i Bokn til å søkje på desse midlane, både enkeltpersonar og firma etter reglane som er gitt nedanfor. Dette er i tillegg til ordinære søknader til næringsfondet.

Stikkord:

  • tiltaket fremmer økt aktivitet, sysselsetting og verdiskaping
  • motverker negative verkingar av covid – 19 utbrotet.
  • tiltaket kan setjast raskt i gang

Ta kontakt med Bokn kommune for mer informasjon eller for å søke.

Postmottak

Søknadsfrist: 30.09.20, og ein frist 31.12.20 for dei midlane som er igjen etter første tildeling.

Nødvendig informasjon i søknaden:

Beskrivelse av tiltak/prosjekt med budsjett,

Start og sluttdato,

Antall årsverk i bedriften.

Om bedriften har mottatt offentlig støtte tidligere.

Bakgrunn for saka

Covid - 19 utbrotet har gitt store utfordringar for næringslivet i mange kommunar. Regjeringa har i krisepakke, fase 3 for 2020 satt av 600 millionar til kommunale næringsfond. Saka blei behandla i Stortinget 19.juni. Rogaland fylkeskommune har fått 32,2 millionar til fordeling til kommunane. Rogaland fylkeskommune har fordelt 50% av midlane med ein lik sum til kvar kommune – 700 000 kroner , og den resterande delen blei fordelt etter folketal og etter helt arbeidsledige i kommunen per 23.juni 2020.

Bokn kommune blei tildelt 714 316 kroner.

Saks- og faktaopplysningar

Utdrag frå kriteria som er satt for støtta:

Midlane skal sette kommunane i stand til å leggje til rette for økt aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale.

Målgruppa er bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Støtte kan gis til bedrifter, etablerarar, andre næringsaktørar og kommunar. Med næringsaktør meines ein aktør som tilretteleggjer for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Midlane skal brukast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motvirke negative verkingar av koronavirusutbrotet, betydninga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet skal vektleggjast. Midlane skal raskt gjerast tilgjengeleg for næringslivet.

I vurderinga av søknadene om tilskot skal det leggjast særleg vekt på:

  1. I kor stor grad tiltaket fremmer økt aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar
  2. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablererar og andre næringsretta tiltak vil motvirke negative verkingar av covid – 19 utbrotet.
  3. kor raskt tiltaket kan setjast i gang

Midlane kan ikkje brukast til å dekkje utgifter til administrasjon ved forvaltninga av midlane i kommunane

Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50% av prosjektet sitt kapitalbehov og skal aldri overstige 75%.

Kommunen skal rapportere på midlane til Rogaland fylkeskommune 01.02.2021. Rådmannen foreslår at det vert sett ein frist 30.09.20 for søknader og ein frist 31.12.20 for dei midlane som er igjen etter første tildeling