Stortingsvalet 2021 – auke i førehandsrøyster frå sist stortingsval

Mange førehandsrøysta ved "Stikk og stem"-arrangementa. Fv. Valfunksjonærane Åse Helen Alvestad og Gro Sørensen. - Klikk for stort bileteMange førehandsrøysta ved "Stikk og stem"-arrangementa. Fv. Valfunksjonærane Åse Helen Alvestad og Gro Sørensen. Jardar Havikbotn Heile 256 personar har nytta seg av førehandsrøysting til Stortingsvalet 2021 i Bokn kommune, det vil seia 39,38 % av totalt 650 røysteføre.

Det er ei auke frå sist stortingsval i 2017, og det vil visa seg om det er ei forskyving av korleis ein vel å røysta, førehandsrøysta eller røysta på valdagen, eller om ein har ei total auke i deltaking ved Stortingsvalet 2021 kontra Stortingsvalet 2017. 

Resultat vil visa seg når opptellinga er ferdig av både røyster til førehandsvalet, valtinget og seint innkomne røyster som kjem per post 14.09.2021.

På valdagen held valtinget ope frå kl. 09:00 til kl. 20:00 og ein ønskjer velkommen inn i Bokn Arena for å gje si røyst.

Godt val.