Smittevern ved utleige

Klikk for stort bileteKommunevåpen - koronavirus Div. Retningslinjer vedr. Covid-19 ved utleige av kommunale areal pr. september 2020

Av kommuneoverlege Jan Schille

Bakgrunn

Den pågåande pandemien krev at alle gjer tiltak for å førebygge smitte. Vi veit at god hygiene og det å halde avstand til andre er svært effektivt. Samstundes ynskjer vi ikkje å legge samfunnet brakk.

Bokn kommune har areal til utleige som vert nytta til ulike formål av innbyggarar og lag og organisasjonar. For mange er tilgangen til desse areala viktige for å avvikle store og små arrangement. Bokn kommune ynskjer å legge til rette for slik bruk der dette kan skje innafor dei til ein kvar tid gjeldande smittevernreglar.

Aktuelle retningslinjer

Folkehelseinstituttet (FHI) gir ut retningslinjer for smittvern. Under følger nokre hovudtrekk - alle som planlegg å arrangere noko må sette seg inn i FHI sine aktuelle råd.

  • Grunnleggande er det at alle skal kunne halde 1 meter avstand i alle samanheng med unntak av dei ein deler husstand med.
  • FHI tilrår ikkje private lag eller samankomstar med meir enn 20 personar. Det vil seie at ein pr. i dag ikkje tilrår å samle fleire enn 20 stk til fest.
  • Der det finst ein ansvarleg arrangør kan ein jmf. retningslinjer ha inntil 200 gjester. Dette gjeld for kulturarrangement, idrettsarrangement og andre typar samlingar som bursdagar, religiøse markeringar og bryllup. Desse kan arrangerast på offentleg stad eller i lokale til utleige/forsamlingshus/hallar/hotell osv. 
    • Dei som er ansvarleg arrangør skal ha oversikt (namn, telefonnummer) over alle som deltek – gjester og dei som er med og arrangerer. Denne må oppbevarast i 10 dagar etter endt arrangement.
    • Arrangør er ansvarleg for å sikre at personar med teikn til sjukdom ikkje deltek, at aktuelle smittevernretningslinjer vert følgde og at arrangementet blir tilrettelagt slik at avstandskrav og hygienekrav kan overhaldast til ei kvar tid.

Generelle krav ved utleige av kommunale bygg

  • Bokn kommune ynskjer at leigetakar ivaretar godt smittevern og unngår at arrangementet vert eit der smitte kan blir spreidd.
  • For private lag og samankomstar med inntil 20 personar føresett kommunen at laget/samankomsten er utforma på ein slik måte og har ein slik profil at det ikkje kan påreknast betydeleg fleire gjester eller overstadig bruk av alkohol. Arrangement må beskrivast, søkar må beskrive korleis grunnleggande smittevern er tenkt ivaretatt og korleis ein vil halde seg innafor kravet om 20 personar.
  • Der ein ynskjer å arrangere samankomstar med inntil 200 gjester vil kommunen be om ein skriftleg smittevernplan frå arrangør. Denne skal beskrive korleis arrangør vil sikre at personar med teikn til sjukdom ikkje deltek, at aktuelle smittevernretningslinjer vert følgde og at arrangementet blir tilrettelagt slik at avstandskrav og hygienekrav kan overhaldast til ei kvar tid.
  • Kommunen vil vurdere søknad om utleige etter gjeldande smittevernreglar. Søknad må ligge føre minst 10 arbeidsdagar før arrangementet er planlagt.
  • Endring i det lokale smittebiletet kan medføre at utleige vert avlyst på kort varsel – dette vil ikkje medføre erstatningsansvar for kommunen.

Etter endt arrangement

  • Leigetakar plikter å føreta utvask etter avtale med utleigar.
  • Der arrangør vert merksam på luftvegsjukdom hos gjestene i dagane etter endt arrangement må smittevernlege konsulterast.