Oppgradering av sak- arkivsystem i Bokn kommune

I perioden 10. - 14. februar skal Bokn kommune oppgradera sitt sak- og arkivsystem. Dette vil føra til nedetid i systemet, noko som kan påvirka deg som innbyggjar. 

Kva betyr dette for deg som innbyggjar?

  • Postlista: Det blir ikkje publisert nye dokumenter på postlista før i veke 8. Dokumenter som allereie ligg ute, vil fortsatt vere tilgjengelege.
  • Forsinka saksbehandling: Saksbehandlingstida kan bli noko forsinka, spesielt for saker innen byggesak, plan, kart/oppmåling og landbruk. Disse områda får dei største endringane i systemet.
  • Begrenset hjelp: Hvis du har spørsmål om pågåande saker, som byggesøknader, skjenkebevilling eller tilskudd, kan det vere begrensa moglegheit for hjelp frå saksbehandlerane i oppgraderingsperioden.

Kvifor oppgraderer vi?

Ei oppgradering er nødvendig for å få eit meir moderne, effektivt og brukervennleg system. Det nye systemet vil gje raskere saksbehandling, betre sikkerheit og auka tilgjengelegheit for dokumentene.

Kommunens tilsette er klare til å lære seg dei nye funksjonane så raskt som mogleg for å redusera eventuelle forsinkelsar.