Nokre tankar frå kommunelegen

Klikk for stort bileteFriluftsrådet t.d. ber oss ikkje bruke postkassar/bøkene som er utlagde på turmål. Jardar Havikbotn Det er i dag 1 veke sidan dei omfattande smitteverntiltaka vart innførte. Mange har tilpassa seg ein ny og uvant kvardag.

På andre måtar

Eg vil tru mange byrjar kjenne på at det hadde vore fint med litt meir sosial kontakt – både med familie og venner og kollegaer. Enn så lenge må nærleiken og omsorg uttrykkast og visast på andre måtar enn med å vere ilag reint fysisk. Har du tatt ein telefon til nokon i staden for? Fått sendt ein snap til bestemor? Kanskje klubben skal facetime i staden for å møtast heime? Er det nokon du er bekymra for – ta kontakt med dei! Det er dette vi i helsevesenet så sterkt ønsker oss – at vi klarar å bremse smitten og halde den unna eldre og sårbare- samtidig som vi tek vare på kvarandre og viser omsorg. 

Tenk; kva skal til?

Små og store tiltak velter over oss. Smågodthyllene er stengde, russefeiring vert ikkje tillete slik russen er vant med å feire ho – mange oppfordringar kjem frå alle kantar. Vi klarar ikkje å lage perfekte reglar – og ber folk enkelt og greitt tenke på kva som skal til for ikkje å smitte andre. Friluftsrådet t.d ber oss ikkje bruke postkassar/bøkene som er utlagde på turmål. Du har kanskje lyst  å bagatellisere eit slik råd – men det er nettopp summen av alle dei små smitteverntiltaka som må til for å dempe smitteoverføringa.

«Vi» - ikkje «eg»

Vi veit ikkje kor lenge dette vil vare - men det vil ha ein ende. Enno er det for tidleg å seie noko om effekten av dei drastiske tiltaka. Effekten er avhengig av at vi fortsatt er flinke og grundige med hygienen og unngår å smitte andre. Sjølv om karantene og heimekontor og stengde skular og barnehagar kan tære på humøret.  Prøv å halde kontakten med andre – men gjer det digitalt. Bry deg om andre  - ikkje smitt dei.  Det er tida for å tenke.

Med helsing
Jan Schille