Nødvarsel på mobil

Onsdag 14. januar klokka 12 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Noreg testa i ein felles nasjonal varslingsprøve.

Politiet og Sivilforsvaret gjennomfører ein nasjonal test av Nødvarsel på mobil og tyfonar 14. januar rundt klokka 12. 

Alle nyare mobiltelefonar kopla til 4G/5G i Noreg vil då spela av eit høgt lydsignal og vibrera, uavhengig av lydinnstillingar. Testen skal gjera folk kjende med varselet og sikra at systema fungerer. 

Signalet som blir testa heiter «Viktig melding – søk informasjon», og betyr at ein skal følgja med i media for vidare informasjon. Dei som ikkje ønskjer å få testen, må skru av telefonen eller setja han i flymodus.