Nasjonal tilskotsordning for å inkludera barn og unge

Klikk for stort bilete

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søka om midlar. Søknadsfrist: 4. desember.

Søkarorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet. Det er krav til at offentlege og private aktørar bidrar med 20 % av tilskotsbeløpet medan frivillige lag og foreningar forpliktar å bidra med 5 % i eigenfinansiering. 

Tre tiltakstypar

Det kan søkast om tre ulike tiltakstypar: 

  • Ordinære tiltak: deltaking i kultur-, fritids- og ferieaktivitetar og deltaking på alternative mestringsarenaer. 
  • Utprøving av metoder/arbeidsmodellar for å inkludera barn og ungdom som er ramma av fattigdomsproblem. 
  • Koordinering av samarbeidet mellom tenester samt tilrettelegging og organisering av samarbeid mellom kommunen, frivillig og privat sektor. 

Tilskotsordninga skal vera eit verkemiddel for å betra moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Informasjon, regelverk og søknadsskjema

Utlysingsteksten frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Spørsmål? Kontakt Henriette Lindanger

Søknadsfrist: 4. desember 2020