Legekontoret – sommar og haust 2020

Klikk for stort bileteArne Brandt-Rantzau Privat Legekontoret er feriestengt 30.06 -  04.08 og Frakkagjerd legesenter er vikar. Arne Brandt-Rantzau skal vera vikar for Jan Schille ved Bokn legekontor til hausten.

Legekontoret har siste opningsdag fredag 26. juni. Frå tysdag 30. juni til og med fredag 31. juli er Frakkagjerd legesenter vikar for oss. Dei får du tak i på 52 57 50 60 eller via SMS – info på www.frakkagjerdlegesenter.no

Frå tysdag 4. august er det vanleg drift på Bokn legekontor.



Vikarlege

Som nokre kanskje har høyrt, vil det i haust vere vikarlege her medan Jan Schille har utdanningspermisjon. Jan er tilbake måndag 4. januar 2021.

Me har vore heldige og fått vikaravtale med Arne Brandt-Rantzau, som nokre kanskje kjenner frå Hegren legesenter i fjor og forfjor. Han er spesialist i allmennmedisin og har tidlegare vore fastlege i Porsgrunn i mange år.

Me kjenner han som ein flink og omgjengeleg lege, og er glade for at han vil vera vikar hos oss i haust. Han vil også vera vikarlege på sjukestova og på helsestasjonen.