Kreftkoordinator og ressurssjukepleiar

Klikk for stort bileteMaria Hauen Jardar Havikbotn Maria Hauen er kreftkoordinator og ressurssjukepleiar i Bokn kommune.

Kreftkoordinatoren og ressurssjukepleiaren er eit tilbod til pasientar og pårørande som er ramma av ein kreftdiagnose eller andre alvorlege sjukdommar. Tilbodet er lett tilgjengeleg og krev ikkje søknad eller vedtak som andre kommunale tenester. Målsettinga er at den enkelte meistrar utfordringane i kvardagen i størst mogleg grad, og ivaretar kontroll og ansvar i eige liv.

Kva kan kreftkoordinatoren/ressurssjukepleiaren bidra med?

  • Vera eit lett tilgjengeleg tilbod kor pasient og pårørande kan ta direkte kontakt.
  • Vera ein ressursperson for deg og dine pårørande.
  • Vera bindeledd mellom spesialisthelsetenesta og kommunen.
  • Gi råd om lindring av plagsame symptom.
  • Gi råd og rettleiing om kost og ernæring.
  • Gi råd/rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt.
  • Kartlegging av behov.
  • Vera ein samtalepartner som kan hjelpa deg og sortera tankar i ein vanskeleg kvardag.
  • Har oversikt over relevante tilbod og tenester som kan vera til nytte for deg.


Sjå brosjyre om kreftkoordinator og ressurssykepleier

Kreftkoordinator/ressurssjukepleiar (PDF, 226 kB)

Kontaktinformasjon

Kreftkoordinator og Ressurssykepleier Maria Hauen
Tlf: 476 51 265 e-post: maria.hauen@bokn.kommune.no