Korona: Samarbeid med Tysvær og Sveio om koronatelefon, testing og smittesporing

Klikk for stort bileteFrå 23. november 2020 vil Tysvær, Sveio og Bokn kommunar ha felles teneste for testing og smittesporing.

Fellestenesta vil vere lokalisert i Aksdal og vil også svare på koronatelefonen som no får nytt nummer 52 75 74 00

Du vil her møte helsepersonell frå alle tre kommunar som rådgir deg, tek prøver og som vil følge opp smitte som blir påvist.

Mistenker du at du kan vere smitta av korona bruker du koronasjekk.no først. Etter dette kan du her bestillle time for test elektronisk ved koronasentralen i Aksdal her, eller du kan bruke knappen på framsida for å bestille koronatest.