Korona og psykisk helse

Illustrasjon, korona og psykisk helse. - Klikk for stort bileteIllustrasjon, korona og psykisk helse. pixabay.com Koronapandemien og smitteverntiltaka kan føre til ekstra belastningar. Alle har ei psykisk helse, og bekymringar og stress kan påvirke denne negativt. Ta kontakt dersom du sjølv eller nokon du kjenner har det vanskelig.

Dersom du ikkje vil snakke om dette med familie eller vener, kan du kontakte fastlegen din eller helsetenesta i kommunen. I tillegg finst eit breitt tilbod via telefon eller chat.

Dagane kjem i ulike fargar, også grå. Her er nokre tips for å bidra til lysare tider:

  • Oppretthald normal døgnrytme. Legg til rette for nok søvn.
  • Ta vare på din personlege hygiene.
  • Spis sunt og regelmessig. Eit sunt og variert kosthald er viktig for trivsel og helse. Det bidrar til å styrkje immunforsvaret og auke konsentrasjonsevna.
  • Sørg for å mosjonere jamnleg. Nokre minutt med fysisk aktivitet er fortsatt bra for kropp og sinn. Kom deg ut litt kvar dag om du kan, aktivitet utandørs i dagslys er ekstra bra.
  • Sett av eiga tid til arbeid og hugs å leggje inn pausar. Dersom du sit mykje heime, kan det vere lurt å variere kor i heimen du oppheld deg.
  • Gjer meir av det som gjer deg glad. Ta deg tid til å gjere ting du likar eller som vanlegvis interesserer deg.
  • Du treng ikkje kutte sosial kontakt for å halde fysisk avstand. Ta ein telefon, hald kontakt digitalt eller avtal ein tur ute i friluft.
  • Å hjelpe andre kan vere sunt for mange. Tilby deg å hjelpe andre i lokalsamfunnet dersom du har moglegheit. Ta ein ekstra telefon til dei som kanskje er einsame, redde eller treng ei hjelpande hand.
  • Begrens tida du brukar på nyhende om korona dersom du kjenner at dette forsterkar stress og uro. Bruk pålitelege kjelder til faste tider dersom du treng informasjon (HelseNorge, Folkehelseinstituttet).
  • Vær snill med deg sjølv og andre og ikkje sett for høge krav til deg sjølv på tunge dagar. Hugs at den uvante situasjonen kan leggje press på relasjonar og forhold, og aksepter at dette kan vere ei belastning. Sei frå til dei rundt deg dersom du treng ekstra støtte.
  • Mediter. Å puste djupt og rytmisk gjer underverk mot angst og bekymring.
  • Prøv eit digitalt verktøy: Co-mestring er eit digitalt sjølvhjelpsprogram for deg som opplever auka stress og uro i samanheng med korona-pandemien.

Velkommen til Co-mestring! - Co-mestring (co-mestring.no)

  • Tenk gjennom korleis du kan bruke denne unntakstilstanden til å ta nokre grep som vil gjere livet ditt betre også etter krisa.

Ikkje ty til alkohol eller narkotika for å takle frykt, angst, keisemd eller einsemd.

Vald i nære relasjonar

Koronapandemien og tiltaka for å redusere smitte kan føre til auka fare for konfliktar i heimen og vald i nære relasjonar. Dersom du er utsett for vald eller er valdsutøvar er det viktig at du oppsøkjer hjelp. Du finn meir informasjon på kommunen sine heimesider.

Vald i nære relasjonar - Bokn kommune

Psykisk helse- og rustenesta for vaksne

Det finst tilbod om hjelp dersom du treng nokon å snakke med grunna koronapandemien. Ta kontakt med helsetenesta i kommunen eller fastlegen din.

Psykisk helse og rus - Bokn kommune

Psykisk helseteneste for barn og unge / skulehelsetenesta

Born og unge kan oppleve auka stress og bekymring grunna koronapandemien. Ta kontakt med helsetenesta i kommunen eller fastlegen dersom du treng nokon å snakke med. Ta også kontakt dersom du er vaksen og treng hjelp til å snakke med barnet/ungdommen om kjenslene og gi god og riktig informasjon.

Helsestasjon - Bokn kommune

Meir informasjon om psykisk helse og koronavirus

Råd i forbindelse med korona - NKVTS

Hvordan snakke med barna om koronaviruset? - RVTS Sør (rvtssor.no)

Karantene og isolasjon - korona - helsenorge.no

Hjelpetelefonar og chattetenester

Mental helse:

https://mentalhelse.no/

Telefon 116 123 (heile døgnet)

Chat-teneste og skriveteneste: 

sidetmedord.no

Alarmtelefonen for barn og unge:

Alarmtelefonen for barn og unge (116111.no)

Telefon 116 111 (heile døgnet)

Meir informasjon - Bokn kommune