Konsekvensar av nasjonale smitteverntiltak i Bokn kommune

Klikk for stort bileteSmittetalla i Noreg er aukande og dette fører til nye og dels inngripande nasjonale tiltak. I Bokn kommune er det hittil ikkje registrert tilfelle med smitte. Dei nye nasjonale smitteverntiltaka gjeld frå 4. januar til 18. januar og må overhaldast for å redusere risiko for lokale smitteutbrot.

Statsminister Erna Solberg uttalte 3. januar at det nå må takast eit krafttak for å hindre at smitten spreier seg. Dette har konsekvensar for dei som bur eller oppheld seg i kommunen, og for oss som jobbar i Bokn kommune. Ifølge dei nasjonale retningslinjene betyr det: 

Sosial kontakt:

Unngå å ha gjester i heimen. Vent 14 dagar med private besøk. Unntak for nødvendige heimetenester og besøk hos personar som er i livets siste fase. Aleinebuande kan ha besøk eller gå på besøk med ein til to faste venner eller til ein fast husstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.

Det er ikkje anbefalt med besøk eller å gå på besøk. Det vil derfor også stengast for besøk på sjukeheim. Det blir gjort unntak for bebuarar i livets siste fase etter nærmare avtale med sjukeheimen.

Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs, blir anbefalt utsette til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klassar/kohortar.

Du kan gå på tur med venn(er) dersom de opprettheld nødvendig avstand.

Reiser:

Unngå alle unødvendige reiser i inn- og utland. Hytteopphald med personar frå same husstand er fortsatt tillatt, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld.

Skular og utdanning:

All undervisning og alle planlagde arrangement ved universitet, høgskular og fagskular blir digitale fram til 18. januar.

Alle vidaregåande skular og ungdomsskular i landet har gått over til raudt nivå.

Arbeidsplassar:

Heimekontor for alle som har moglegheit til dette utan at det får betydelege konsekvensar for tenestetilbodet.

Butikkar:

Det er innført antallsbegrensning på Coop Prix Bokn. Det er plakat om dette i butikken.

Idrett:

Utandørsaktivitetar kan gjennomførast dersom det er mogleg å halde god avstand.

Bokn Arena er stengt for all aktivitet ut over bruk av skulen og kulturskulen.

Reglar for heile landet, inkludert Bokn kommune:
 

Private samankomstar og arrangement:

Maksimalt fem personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leid lokale. Viss ein er fleire enn fem i same husstand, kan sjølvsagt alle i husstanden møtast.

Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar mv., likevel 200 personar kor alle i publikum sit i fastmonterte seter. I gravferder kan det vere opp mot 50 personar, sjølv om setene ikkje er fastmonterte.

Dei fleste av desse arrangementa vil uansett ikkje vere i tråd med nasjonale anbefalingar og bør derfor utsettast eller avlysast.

Uteliv og serveringsstader:

Det blir innført nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangement.

Bokn kommune vurderer fortløpande å iverksette nye påbod dersom smittesituasjonen tilseier dette.