Kommunal kontakttelefon

Klikk for stort bileteTelefon-symbol smartja.no I dag, måndag 23. mars er det oppretta ein kommunal kontakttelefon for råd, rettleiing og samtale for born, unge og foreldre i Bokn kommune.

Treng du nokon å lufte tankane dine med?

Stengde skular, barnehagar og redusert sosial kontakt med andre enn familien i denne pandemiperioden gjer at mange av oss kjenner på at det kan verte både einsamt, men og at det kan røyne litt meir på familien.

Bokn kommune har no oppretta ein kontakttelefon med eige telefonnummer. Her kan born, unge og foreldre ta kontakt dersom ein ynskjer å snakke med nokon, eller få råd og rettleiing. Telefonen vert betjent på dagtid på vekedagar mellom 8.30 og 16, og her treffer du kvalifisert personale som helsesjukepleiar og sosialrådgivar. 

Telefonen har telefonnummer 90 56 28 53

Me kan dessverre ikkje svare deg på medisinske spørsmål om virussmitte og pandemi. Er du eller nokon i familien akutt sjuk eller er bekymra for sjølvmordfare, må du kontakte fastlegen din eller legevakten.

Me kan derimot hjelpe deg dersom du er vaksen til å vere ein god samtalepartnar for dine born, og me kan gi råd om korleis du kan møte bekymring og uro hos barn på ein klok måte i forbindelse med coronaviruset.

Føler du at dine eller andre born ikkje får naudsynt omsorg, er det barnevernet du må kontakte.

I tillegg kan ein som foreldre også ringe til foreldresupport (nasjonal teneste) på nummer 116 123. Det er ein døgnåpen supporttelefon kor ein kan både ringe og chatte.  

Kommunen si helsestasjonsteneste vil i denne perioden me er i no i samsvar med føringar frå Helsedirektoratet redusere sine ordinære tenester