Informasjon til innbyggjarane i Bokn

Klikk for stort bileteBokn Sanitesforening har i samarbeid med Bokn kommune oppretta eit hjelpetilbod for å bistå personar i heimekarantene/heimeisolasjon.

Du kan få hjelp til:


Innkjøp av matvarer og hushaldningsartiklar

Henting av medisiner frå apotek

Du må sjølv dekke transportutgifter i oppdraget.

  • Takst for køyring innan kommunen: kr. 50,-
  • Takst for køyring ut av kommunen: kr. 4,03 pr. km.


Du må sjølv avtale med hjelparen korleis betaling for det du handlar skal føregå.

Ta kontakt dersom du treng hjelp til andre naudsynte oppgåver.

Kontaktperson, Bokn Sanitetsforening: Daghild Alvestad, mobil 995 78 132

Kontaktperson, Bokn kommune: Miriam Berland, mobil 404 10 570