Influensavaksine

Kommunelegen minner om at influensavaksinen er tilgjengeleg for alle ved å ta kontakt med legekontoret. Eigenandel er kr 50 - gratis dersom du har frikort. 

Info frå kommunelegen om noverande smittesituasjon

fhi.no Jan Schille om utviklinga i koronasituasjonen.

Dei siste vekene har vi på Bokn registrert totalt 8 smittetilfelle. Samtidig som det er ei forventa utvikling med omsyn til det som skjer rundt oss, er det også ei utvikling eg i lag med mine kollegaer i nabokommunane har fulgt nøye. 

Det har vore aukande smitte nasjonalt, og det er innført enkelte nye tiltak. Førre veke byrja ein igjen med råd og krav til dei som bur i lag med, eller er tilsvarande nære med nokon som har fått påvist covid-19 smitte. Vi har som før felles smitteteam med Tysvær og Sveio, og her er det flinke fagfolk som følger opp alle smitta og som er oppdatert på gjeldande reglar. 

Sjølvtestar

Etter smittetilfella siste veka har det blitt formidla behov for å kunne hente ut sjølvtestar på Bokn, då ikkje alle har høve til å køyre til Aksdal for dette. Frå fredag av vil vi ha på plass ei ordning der ein etter avtale med Koronasenteret (tlf. 52 75 74 00) kan få hente ut sjølvtest på Boknatun måndagar, onsdagar og fredagar . 

Dette vil vere eit avgrensa tilbod for dei som ikkje klarar å komme seg til Aksdal, og må avtalast med Koronasenteret i kvart enkelt tilfelle. 

Kommunen vil fortløpande vurdere om dette må utvidast eller endrast. 

Dei som sjølve klarer å kome seg til Koronasenteret i Aksdal, kan henta sjølvtestar på følgande tidspunkt: 

Måndag–fredag: Kl. 08.00–15.00
Laurdag–sundag: Kl. 13.00–14.00

Det er ikkje mogleg å hente test på Boknatun utan avtale med testsenteret, eller om ein ønsker å ha ein test «på lur». Dette er for å sikre at alle som har reelle behov får gratis test.

Skule/barnehage

Eit anna spørsmål som har oppteke mange er kva informasjon skulen/barnehagen får når det blir påvist smitte i kommunen. Det er koronasenteret, enten direkte eller via kommunelegen, som informerer skulen/barnehagen der dette blir vurdert som viktig for å avdekke vidare smitte.

Dette kan t.d vere når eit born som har vore på skulen/i barnehagen dei siste dagane får påvist smitte. Skulen/barnehagen vil då informere føresette i den aktuelle klassen/avdelinga om at det er påvist smitte og gi råd om vidare tiltak. 

Viktige råd

Det som er viktig no, og vil vere viktig i tida framover, er å halde seg heime når ein ikkje er frisk. Vi ber alle vere flinke til å teste seg ved luftvegssymptom, og vi ber alle følge råd om vaksinering.