Dei to fyrste

pixabay.com 1. juni er me klare til å ta imot dei to fyrste flyktningane frå Ukraina, ei mor og sonen hennar.

Flyktningekoordinator og flyktningeteam er på plass.

Ta godt imot dei

Me ønsker at alle vil ta godt imot dei, slik at dei blir kjende med folk og nærmiljøet. Nå går det mot sommar og ei tid kor det kanskje er ekstra viktig å ta hand om dei.

Flyktningkoordinator

Anne Grethe Amdal Osvåg - Klikk for stort bileteAnne Grethe Amdal Osvåg Jardar Havikbotn Ny flyktningkoordinator i Bokn kommune er Anne Grethe Amdal Osvåg (55). Ho er fødd, oppvaksen og busett i Tysvær - er gift og har tre vaksne born. Utdanna sjukepleiar, med vidareutdanning innan psykisk helse.

Anne Grethe Amdal Osvåg har jobba mange år i Tysvær kommune, og begynte på Bokn sjukestove hausten 2011. Ho har eit års erfaring med flyktningarbeid frå Tysvær kommune. I Bokn har ho vore innom sjukestova, psykisk helse og koronaarbeid.

Ho gler seg til å ta fatt på arbeidet.