Boknakalenderen 2024

Du kan framleis bestilla Boknakalenderen 2024 - bestillingsfrist: 10. november. 

Bildet viser framsida til Boknakalenderen 2024. - Klikk for stort bileteFramsida til Boknakalenderen 2024. Armand Svendsen

Det er tre ulike måtar å bestilla trykksaka på. Bruk den som passar deg best:

  1. Send inn webskjemaet nedst i denne artikkelen; "Bestillingsskjema Boknakalenderen".
  2. Kulturkontoret: Send SMS/tlf. 98 22 15 08 - Epost: jarhav@bokn.kommune.no
  3. Kom innom Boknatun og bestill.

NB! Bestiller du med SMS, må du oppgi namn og adresse og kva for ein måte du vil betala på (Vipps, Epost-faktura eller papirfaktura).

DU SKAL IKKJE VIPPSA FØR DET BLIR KUNNGJORT AT DU KAN VIPPSA.

Bestillingsfrist: 10. november

Boknakalenderen kostar kr 100 pr. stk. for fastbuande boknarar som hentar kalenderen på Bokn, og kr 150 pr. stk. for dei som får han tilsendt i posten (emballasje og porto).

Det kjem kunngjering på nettsidene til kommunen når folk kan henta kalenderen på Boknatun/julemessa i Bokn Arena 25. november.

Mange flinke fotografar

Boknakalenderen, første gong utgitt i 2008, inneheld 13 nyare og 13 gamle bilder frå Bokn, sistnemnde saman med eit historisk tema av Birger Lindanger. Sjølve kalendariet har store ruter som ein kan skriva i, og han eignar seg også godt som aktivitetskalender.

Dei nyare bilda i kalenderen har utgangspunkt i serien Dagens/Vekas bilde på facebooksida til kommunen.

Bilde av lag og foreiningar

Det historiske temaet i 2024-utgåva er Lag og foreiningar. Birger Lindanger innleiar det heile slik:

Lag og foreiningar var viktige oppdragarar for born og ungdom og dessutan møtestader der politikk og ulike utfordringar vart drøfta.
Mange viktige initiativ vaks ut av foreiningslivet. I hovudsak var det fire typar foreiningar: For born og ungdom, kristelege foreiningar, andre kvinneforeiningar som husmorlag og sanitetsforeining og faglege og politiske foreiningar som samvirkelag, fiskarlag og bondelag.


Bestillingsskjema Boknakalenderen: