Besøk på Bokn sjukestove - pr 19/11

Klikk for stort bileteSjukestoveinngangen, 10.08.20 Jardar Havikbotn Smittesituasjonen på Haugalandet  er i endring og vi ber besøkande til Bokn sjukestove ta omsyn til dette. 

Av kommuneoverlege Jan Schille

Rundt oss er det for tida fleire stader med lokale utbrot av korona. Har du vore i eit av desse områda dei siste 10 dagane ber vi deg vente i 10 dagar før du kjem på besøk til sjukestova.

Er du i karantene må du vente til denne er avslutta før du besøker sjukestova. 

Vi ber om maks 2 besøkande pr. gong og at besøka ikkje varer lengre enn 30 min. 

Ved teikn til luftvegssjukdom eller mistanke om nærkontakt eller covid-19 smitte skal ein ikkje gå besøk på sjukestova.

Sjukestova ynskjer å legge til rette for besøk hos pasientane og at dette blir gjennomført på ein trygg måte for alle. Er du i tvil om du kan besøke dine nære på sjukestova, ber vi deg ta kontakt i forkant, så vil vi prøve å legge til rette for at besøket kan gjennomførast på ein trygg måte.