Informasjon om koronasituasjonen

Klikk for stort bilete
På denne temasida vil me oppdatere deg fortløpande med ny informasjon kring situasjonen i kommunen vår, som følge av koronapandemien.

Bokn kommune følger nasjonale tiltak og tilrådingar. Du finn mykje god informasjon på fhi.nohelsenorge.no og regjeringen.no. Særskilde lokale oppmodingar og tiltak som gjeld i Bokn finn du lengre ned på sida.

Bestille time til test
  • Tysvær, Sveio og Bokn kommunar har felles teneste for testing og smittesporing.
  • Fellestenesta er i Aksdal. Dei svarer også på koronatelefonen, 52 75 74 00.
  • I Aksdal møter du helsepersonell frå alle tre kommunar som rådgir deg, tek prøver og som vil følge opp smitte som blir påvist.
  • Mistenker du at du kan vere smitta av korona, bruker du først koronasjekk.no.
  • Etter dette kan du bestillle time for test ved koronasentralen i Aksdal.

 

Når skal du teste deg?
  • Ved symptom
  • Dersom du er nærkontakt til ein som har fått påvist smitte og er blitt kontakta av smittesporingsteamet. Dersom du ikkje blir kontakta, men likevel meiner du er nærkontakt til den smitta, bør du halde deg i heimekarantene og ta kontakt med testtelefonen.
  • Dersom du har vore i utlandet i såkalla "raude land".
Nytt smittetilfelle - kartlegging og nærkontakt - kva blir gjort?
  • Nytt tilfelle med påvist covid-19 blir meldt direkte til smittevernlegen i kommunen, som tek meldinga vidare. (Det blir og informert på heimesida til Bokn kommune. Teieplikta set grenser for kva opplysningar som blir gitt).
  • Tilsette i smittevern set i gong med kartlegging av nærkontaktar saman med den smitta. Alle som blir definert som nærkontaktar, vil bli kontakta. Dersom du ikkje blir kontakta, men likevel meiner du er nærkontakt til den smitta, bør du halde deg i heimekarantene og ta kontakt med testkontoret (tlf. 52 75 74 00) for avklaring.
  • Nærkontaktar er personar som har hatt tett kontakt med ein som er covid-19 sjuk frå 48 timar før vedkomande fekk dei første symptoma eller då prøve blei tatt.
  • Den smitta og dei næraste kring vedkomande vil i dei fleste tilfelle ha god oversikt over aktuelle nærkontaktar.
Oppfølging av smittetilfelle - kva blir gjort?
  • Den som får påvist covid-19 blir isolert (oftast i heimen) og følgt opp av smittevernlegen vidare.
  • Oppheving av isolasjon seinare blir gjort i samråd med smittevernlegen.
  • Alle nærkontaktar til den smitta skal vere i 10 dagars karantene rekna frå siste kontakt med den smitta. 
Karantene og isolasjon ved koronavirus
  • Kven skal vere heime? Kva betyr det å vere i karantene? Kva kan du gjere, kva kan du ikkje gjere, når du er i karantene?
  • Les gode råd og tips til kva familien kan gjere her: Karantene og isolasjon 
Information in different languages

Updated information from Folkehelseinstituttet about coronavirus disease

Advice for people in home quarantine
Find information in your language here: Different languages