Kommunesamanslutning - førehandsrøystinga startar 20. mai 2016

kommunevaapen.jpgKommunestyret vedtok i møte 08.03.2016, sak 018/16 at det skal haldast rådgjevande folkeavrøysting i spørsmålet om Bokn og Tysvær kommune skal slå seg saman til ein kommune frå 2020.

Dato for rådgjevande folkeavrøysting er satt til måndag 20. juni 2016 og der er mogleg å førehandsrøyste frå 20. mai 2016.

Lokale for forehandsrøysting er i Servicetorget og opningstida er frå kl. 08.30 - 15.00 måndag til fredag i perioden 20.05.2016 - 17.06.2016.

Kven har røysterett:

Røysterett har alle som er registert busett i Bokn kommune per 10. april 2016.  I tillegg til å vere busett må eit av følgjande kriterium vere oppfylt:

  • norske statsborgerar som har fylt 16 år innan utgangen av 2016 og som er, eller har vore, registert som busette i Norge.
  • statsborgerar i andre nordiske land som har fylt 16 år innan utgangen av 2016, og som har vore registerte som busette i Norge seinast 10. april 2016.
  • andre utanlandske statsborgerar som har fylt 16 år innan utgangen av 2016, og som har vore registert som busette i Norge i samanhengande dei 3 siste åra før valdagen, som er 20. juni 2016.

Dersom ein skal førehandsrøyste må ein legitimere seg.  Det blir ikkje produsert og sendt ut valkort. 

Røystesetlane (innsida på kvar enkelt) kan du sjå her: (JPG, 104 kB)

Rapport om utgreiingssamarbeid mellom Tysvær og Bokn kan du sjå her: (PDF, 3 MB)

Intensjonsavtale for samanslåeing av Bokn og Tysvær kan du sjå her: (PDF, 336 kB)

Godt val!