Kommunesamanslutning - folkeavrøysting. Står du i manntalet?

Klikk for stort bileteManntal til bruk under rådgjevande folkeavrøysting er nå lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget fram til valdagen. 20. juni 2016.

For å kunne avgje røyst ved rådgjevande folkeavrøysting i spørsmålet kommunesamanslutning mellom Bokn og Tysvær, må du stå i manntalet som registrert busett i Bokn kommune per 10. april 2016.

Dette manntalet er nå lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget og vil bli liggande ute fram til valdagen, 20. juni 2016.

Dersom du meinar manntalet er feil kan du klaga til formannskapet i Bokn innan 3. juni 2016.

Klagen sendast til Bokn kommune v/ formannskapet, Boknatunvegen 37, 5561  BOKN.