Intensjonsavtale om kommunesamanslåing

Fv. Ordførar i Bokn, Tormod Våga og ordførar i Tysvær, Sigmund Lier.

26. februar hadde ordførarane i  Bokn og Tysvær pressekonferanse ang. ein presentasjon av intensjonsavtale for ein samanslåingsprosess. 

Foto: Fv. Ordførar i Bokn, Tormod Våga og ordførar i Tysvær, Sigmund Lier.

Møtet gjekk føre seg på bakdekket på taubåten Bokn, i nøytralt farvann mellom Bokn og Tysvær. Dei to kommunane er samde om ein intensjonsavtale som fortel korleis den ev. nye kommunen blir.

Folkerøysting 

- For Bokn er dette eit godt alternativ i kommunesamanslåingsdebatten, som kommunestyret vil legga fram for innbyggarane som eitt av to alternativ i ei folkerøysting. Boknarane skal få velja mellom samanslåing med Tysvær eller å halda fram som eigen kommune, seier ordførar Tormod Våga, og legg til at dette er noko Bokn kommune gjer fordi kommunen er pålagt å gjera det.

Det er ei bestilling frå regjeringa at alle kommunar skal utgreia ei kommunesamanslåing.
- Viss ikkje me gjer det sjølv vil nokon andre gjera det for oss, og det trur me ville vore verre, meiner han.

Ordføraren fortel at forslaget til nytt inntektssystem for kommunane vil gå utover drifta, og trur det er rett at boknarane får valet om me skal gå saman med ein annan kommune eller gå vidare som eigen kommune. Senterparti-ordføraren meiner at det er liten tvil om at dei økonomiske verkemidla er tvangsverkemiddel frå regjeringa sjølv om dei seier at det ikkje er det. 

- Når det er slik, føler me at det er rett å gi innbyggarane valet.

Fylkesmannen skal ha inn resultata på kva kommunane har bestemt seg for innan 30. juni. Dette er før ein veit korleis inntektssystemet blir.

- Det er svært uheldig at ein skal velja på usikkert grunnlag, men me må forholda oss til korleis regjeringa har valt å legga det opp, fortel ordføraren, og legg til at ei folkerøystinga truleg blir i første halvdel av juni.

Alle dei store temaa

Intensjonsavtalen er ein heilheitleg avtale som fortel korleis den nye kommunen skal bli. Det går på kor det skal vera utvikling, det handlar om skulestruktur, barnehage, helse og omsorg, næringsutvikling, m.m - alle dei store temaa. Det er ordførar, varaordførar, rådmann og hovudtillitsvalt frå begge kommunane som har vore med å utarbeiddt intensjonsavtalen.

Ordførar Tormod Våga presiserer nok ein gong at jobben deira har vore å utarbeida alternativ som boknarane skal få velja i. Avtalen skal godkjennast i begge kommunane sine kommunestyrer før avtalen er gyldig til å leggast ut til høyring og fram for folkerøysting. 

I tillegg til intensjonsavtalen har rådmennene i Bokn og Tysvær laga utgreiingar om korleis kommunane er i dag og kva dei har/ikkje har igjen for å slå seg saman. Desse skal også ut på høyring.