Her er intensjonsavtalen

Bilde fra intensjonsavtalen.jpg

Avtalen er eitt av to alternativ som kjem til å bli lagt fram til folkerøysting om kommunesamanslåing i første halvdel av juni.

- Eg høyrer rykter om at folk trur at ei kommunesamanslåing er nærmast vedtatt, noko som sjølvsagt ikkje er rett, fortel ordførar Tormod Våga.

Folkerøysting med to alternativ

Dette er eitt av to alternativ som kjem til å bli lagt fram til folkerøysting i første halvdel av juni. Det andre alternativet vil bli å halda fram som eigen kommune.

Intensjonsavtalen kan ikkje forandrast på. Han må vedtas av kommunestyrene i begge kommunane slik han er nå. Enten blir han vedtatt av begge kommunestyrene, eller så er han ikkje gyldig. Avtalen skal leggast ut på høyring saman med ei administrativ utgreiing som rådmennene har laga, om faktaopplysningar og korleis avtalen vil slå ut ved ei eventuell samanslåing.

Rådgjevande folkerøysting

Ordføraren seier at det er opp til kvar kommunestyrerepresentant kva vedkommande vil røysta, men Tormod Våga er klar på at han sjølv vil fylgja folket si anbefaling i denne saka. Det vil heller ikkje bli noko tilråding frå kommunestyret i saka. Folk må sjølv bestemma kva dei vil røysta.

Det er eit ynskje frå ordføraren at innbyggarane set seg grundig inn i avtalen.

Høyringsprosess

Høyringa er open for alle. Rådmann Jan Erik Nygaard seier at dei som har merknader sender dette til post@bokn.kommune.no , og legg til at folk både kan komma med ev. faktafeil og/eller gi uttrykk for at dei er usamde i ting. Utgreiinga kan som sagt ikkje endrast, men høyringsresultata vil stå i rådmannens innstilling, saman med avrøystingsresultatet.

8. mars er datoen for kommunestyret si behandling av saka.

Her kan du lesa intensjonsavtalen (PDF, 336 kB).