Squash i Bokn Arena

Squashhallen i Bokn Arena.

Nå kan du leiga squashhallen fast, to timar i veka, for ein periode på seks månader. Pris: 500 kr. 

Det er dagleg leiar og utleigeansvarleg for Bokn Arena, Lars Sigmund Alvestad, som opplyser dette. Han ser at fleire og fleire ynskjer eit lengre perspektiv og regularitet på sporten, og opnar opp for fast bestilling av den populære hallen for eit halvt år om gongen.

Dei tre siste mnd. i fjor kunne alle spela squash gratis. Frå 1. januar i år har vedtektene for Bokn Arena vore retningsgivande, der betalingssatsen for leige av squashhallen er kr. 500,- pr. halvår. Faktura til dei som har registrerte brikker for utleige squash, blir sendt ut frå økonomiavdelinga.

Bokn Arena har ein eigen knapp på denne nettsida, kor du fast vil finna vedtekter og anna informasjon om fleirbrukshallen. Bygget har også eiga facebookside. Det blei også på tampen av 2016 stifta ein organisasjon, Bokn Arena Event, med formål om å legga til rette for kultur- og idrettsarrangement i Bokn Arena. 

Bokn Arena sett frå aust.