NAV Bokn vert ein del av NAV Karmøy

NAV-logoen.

NAV Bokn er inne i ein endringsprosess, og det gjer at kommunen er i gong med eit arbeid for å sjå på korleis NAV Karmøy kan betene dei av Bokn sine innbyggarar som treng tenester frå NAV. 

Av Ingrid Sofie Rundhaug
 

Målet med prosessen er at tenestene som vert gitt til Bokn sine innbyggarar skal få auka kvalitet og opplevast som meir heilskaplege. 

NAV Karmøy ivaretar alle oppgåver for NAV Bokn frå og med tysdag 14.11.2017, med unntak av enkelte tenester som fortsatt skal håndterast av kommunen ved avdeling helse og omsorg.

Desse tenestene er:

  • Støttekontakt
  • Avlastning
  • Skjenkeløyve
  • Startlån

NAV Karmøy sine tenester finn du informasjon om her.