Rettleiing for søknad om kommunale helsetenster

 Her får du hjelp til korleis du kan gå fram for å søke om ulike kommunale helsetenester.

Publisert av Stein Magnar Gjerde. Sist endra 05.10.2015

Rettleiing:

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om dei ulike tenestene, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein anna søkjer på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Du må legge ved fullmakta dersom det er nokon som søkjer for deg.

Saksbehandling:

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil me komme på heimebesøk, deretter fattes det eit vedtak. I tillegg til kommunal heimesjukepleie kan det vere aktuelt med bistand frå spesialisthelsetenesta. Kommune skal elles behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjeras innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er forventa at vedtaket blir fatta.

Vanlegvis vil du få ei begrunning samtidig med vedtaket. Du får alltid ein begrunnelse dersom det kan tenkas at du blir misfornøgd med vedtaket. Dersom begrunninga ikkje følgjer med, kan du få den ved å kontakte kommunen innan klagefristen for vedtaket utgår.

Klage på vedtak:

Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endras. Dersom du har behov for veiledning, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen oppretthelder vedtaket, kan du klage vidare til Fylkesmannen i Rogaland.

Du kan også klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

Nettressurser:

Aktuelle lover og forskrifter:

 

Alternative navn: Aldersheim, Aldershjem, Avlastningsopphold, Bo- og behandlingssenter, Boform for heldøgns omsorg og pleie, Gamlehjem, Langtidsopphold, Pleieheim, Pleiehjem, Rehabiliteringsopphold, Sykeheim, Sykeheimsopphold, Sykeheimsplass, Sykehjemsopphold, Sykehjemsplass

 

 

Artikkel
Login for redigering