Hopp til innhold
  •    
  • RSS
  • Skriv ut denne sida
  • Kontakt oss
  • Nettstadkart
  • Kringle
  •    
  • A
    A
    A
  • English infopage Deutsch Infos

Losjibåt ved hevinga av ”Rocknes”


Av Reidar Alvestad
,  27.09.04


Me startar ein ny serie: Kor blei dei av?

”Bokn” var heilt ny då ho vart sett i rute mellom Austre Bokn, Føresvik og Kopervik i oktober 1976. Ferja var bygd på Gravdals skipsbyggeri på Sunde i Sunnhrdland, og gudmor Mossi Aarreberg strevde med å få knust champagneflaska mot skutesida i dåpen. Først ved det fjerde kastet gjekk flaska i knas mot skutesida under dåpen av ”Bokn” den 10. juli 1976.



”Bokn” var sertifisert for 95 passasjerar, og tok inntil 16 bilar. Hovudmotor: Callesen 460 HK som ga ein fart på 11 knop. Lengda var 30,8 meter, breidd 9,2 meter. Djuptgåande: 2,7 meter.

Gullhønå
Men det var ikkje ”Bokn” - namnet ferja gjekk under i daglegtalen, men det meir slåande ”Gullhønå”. Dette namnet blei brukt både mellom folk i Bokn og internt i rederiet som var Stavangerske.  Det seiest at linjene på ferja minner om ei høne på reiret.
Jan Spurkeland si vise om ”Gullhønå” har for lengst blitt ei av dei visene boknarane gjerne lyttar på når dei vil mimra seg tilbake til tida før fastlands-sambandet.

Gullhønå med egg
Ferja frakta både bilar og gods. Tankbilen frå meieriet, privatbilar, varebilar og passasjerar. Skuleelevar frå  Austre Bokn til Føresvik og tilbake, pendlarar fram og tilbake frå Bokn til Kopervik, folk som var på handletur. Nokså tungvint var det om ein skulle til Stavanger med bil, for då måtte ein på to ferjer. Først til Kopervik og så frå Skudeneshavn til Mekjarvik. Slik var det også for dei mange hyttefolka og andre som skulle til Bokn med bil.

Det vart også frakta mange septiktankar frå Bokn Plast til ein lagerplass ved kaien i Kopervik. Dersom ein la litt fantasi og godvilje til, kunne nok synet av ferja med tankane minna om ei høne med egg.

Martin Hodnefjell frå Mosterøy var skipper om bord i ferja i 13 år, medan Josef Røgenes var den første skipperen på ferja. Finn Kro frå Austre Bokn var også skipper om bord. Ferja hadde eit mannskap på fire mann - skipper, maskinist og to matrosar.

Enok Dalaker frå Rennesøy var også skipper ei tid. Jan Are jobba ein periode som maskinist. Elles var matrosane frå Bokn. Mellom desse var Kjell Øvrebø, Jostein Laupland, Tor Våge, Peder Hognaland, Johannes Øvrebø og Mikal Våge. Ella Berge og Ragnhild Laupland sto i mange år for reinhaldet om bord.

Karmsundet
Sjølv om ferja stort sett gjekk i smult farvatn, kunne stykket over Karmsundet til Kopervik vera tøft når vinden sto rett inn frå havet. Då var det bra å ha baugport og lukka forskip. Føresvik var fast ende-stasjon. Her starta turen om morgonen, og her slutta reisa om kvelden. All biltrafikk og tungtransport gjekk nordover frå Bokn til Kopervik. Også av og til sjuketransport.

Bruer og vegar
Den 22.februar 1991 vart Boknasund bru opna, og ferja som dei siste åra hadde kryssa over sundet mellom Føresvik og Tåganes, kunne gå sine siste turar. Ho vart då flytta over til Tverrsambandet Nedstrand, Hebnes, Føldøy og Jelsa, der ho gjekk i ca. tre år.



”Bokn” til kai for siste gong i Føresvik 22.02.91


Kjært barn har mange namn

I 1993 vart ”Bokn” selt. Ny eigar var Karmøy-firmaet Alutech, og ”Gullhønå” vart døypt om til ”Alu-Trans”. Ho blei då brukt til dykkarskip.
I 1997 overtok Chainco i Haugesund eigarskapet. ”Gullhønå” skifta igjen namn, og nå fekk ho det respektable namnet ”Chain Inspector”. Nokre kan vel ha sett ho med dette namnet når ho låg i Smedasundet i Haugesund.

I 2001 kjøpte Eide Marin i Høylandsbygd i Sunn-hordland ferja. Dei ville ha kranen som sto om bord i ferja. Etter at kranen blei fjerna, vart ferja liggjande.
Men nå skal ho utrustast  som surveybåt for ei ROV-eining som firmaet skal plassera om bord. Dette er utstyr som kontrollrom, kamera mv for operasjonar under vatn. Dei vil igjen døypa om ”Gullhøna” frå ”Chain Inspector” til ”Eide Inspector”.

Eide Marin brukte ferja som losjibåt i samband med hevinga av ”Rocknes” utanfor Bergen sist vinter. Og det blir nok ikkje den siste oppgåva ”Gullhønå” utfører før ho legg vengene inn for godt.

Kjelde: Artikkel i Stavanger Aftenblad 10.09.04


”Gullhønå” sit godt i minnet hos boknarane, og forutan folkelivsskildringa til Jan Spurkeland blei det skrivne tekstar om ferja til bygdarevyane ”Med kometreiser til Palma Manco” i 1982 og ”Landfast” i 1991.

Gullhønå

1. Frå Kobbarvig te Bokn der baska ei ferje
Hu ligna ei høna, på det vil eg sverje
Og mannskap og ferja gjer turen så trygt
I Karmsund og Austdjup om vere er stygt

Refr.
Når lemmen e lokte og folk onna dekk
kjem matrosen med tonjå og stor pengesekk
Ingen må lura seg og ingen prøve hell
På Gullhønå e det båd styring og stell

2. I salongen der finn ein seg alltid til rette
både med gambling og med terningbrettet
Kronene rullar og terningen trilla
Pengane minka og unga har dilla

3. Klappa så ferjå te kai med ein smell
Spelet på brettet e slutt for i kveld
Bilane rusar og folk står og trippa
Nebbet det gapa og lemmen han vippa

4. Gullhønå vaglar seg fem øve sju
Ved Føresvikkaien der ligg hu så tru
Blundar ei stonn medan folk går te ro
Ingjen må uroe Gullhønå no

Jan Spurkeland


Farvel te Boknaferjå (mel. ”Gamle Dampen”)

1. Hu dreiv som ein pinne når veret stod på,
Og folk blei plasserte i botn.
Og udsiktå derifrå va så som så,
og aldri så fekk me servering

Refr.
Der for ferjå, Boknaferjå,
Hønå så ikkje ligna båd.
Der for ferjå, Boknaferjå,
og herfrå har hu gått for siste gong.

2. Og fart hadd’u ikkje, det va så hu dreiv
Når hu smaug seg nord gjønå leiå.
Og adle så ville dei fekk seg ein drøs -
heilt te hu klappa te kaien.

3. Ved Mækjarvig rende hu godt oppå gronn,
Og Kvitsøy dei ville’kje sjå na.
Og bryllupet måtte dei utsetja ei stonn -
hu trivdest nok beste på Bokn.

4. Frå kaien i Vigjå hu gjekk jamt og trutt,
Og folk stod på Plasten og såg på.
Og ofta det hendte hu kom inn på tvers -
mon tru kim så styrte på brunå.

5. Hu gjekk stor og knabben og bruktes te alt,
frå fødslar og te ambulanse.
I botn sat pendlerar og spelte kort -
i trappene der  lekte ongar.

6. Og varer hu kom med før hu for med tank.
I Kobbarvig stod me i bilkø.
Hu vil nok bli sakna av boknerar flest,
Men mest blir hu sakna på Plasten.

Frå bygdarevyen ”Landfast” i 1991

Songteksten frå 1982 kjem seinare.




« Tilbake
 
Boknatun, 5561 Bokn – Tlf 52 75 25 00 – Fax 52 75 25 15 – E-post Bokn kommune: post@bokn.kommune.no – E-post Bokn Bygdablad: post@bygdabladet.no